Innovest / Hjem / Studiesjukepleiar / koordinator
 

Studiesjukepleiar / koordinator

(29.06.10) Ein av søkjarane har fått tilbod om stillinga, og vedkommande har takka ja!

(01.06.10) 1-årig prosjektstilling
Det skal startast opp to kliniske utprøvingar på hematologisk seksjon, medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus (HUS), på oppdrag av eit legemiddelfirma; Novartis Norge AS. Studiesjukepleiaren vil jobbe i team med utprøvande lege, ko-utprøvarar, hematologisk seksjon og andre relevante avdelingar på sjukehuset i desse studiane. Det vil vera naturleg å samarbeide tett med Forskingspostane Vaksne/Born på HUS.
I tillegg kan det verte aktuelt å arbeide litt på kreftavdelinga med oppstart av nye studiar for det same legemiddelfirmaet. Dersom det vert tid til overs, skal vedkommande bistå i utprøvar-initierte studiar på hematologisk seksjon. (Les meir ved å trykke på overskrifta).

Oppgåvene vil vera å rekruttere og koordinere studiepasientar, primærkontakt ved studievisittar, oppfølging av studiepasientane, føring av CRF (databehandlarskjema – digitalt/og eller på papir), koordinering med utprøvarane, kontakt med monitor frå firma, medikamenthandtering, diverse undersøkingar t.d. blodtrykk, puls, EKG, prøvehandtering og liknande. Arbeidstida er i utgangspunktet på dagtid, men dersom studiane krev det, kan det bli noko ettermiddag /kveldsarbeid. Noko reising kan verta aktuelt i samband med møter initiert av legemiddelfirmaet.

Krav til søkjar:
Det vert kravd autorisasjon eller lisens som sjukepleiar i Noreg. Det er ein fordel om søkjar har brei erfaring i klinisk praksis. I tillegg vil det bli lagt vekt på følgjande:

  • ICH/GCP (Good Clinical Practice) kunnskap (evt. må søkjar rekne med grundig opplæring i dette)
  • Erfaring i praktisk forskingsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • God norsk og engelsk kunnskap, både munnleg og skriftleg
  • Generell datakunnskap i Microsoft Office pakken (outlook, word, excel)

Personlege eigenskapar:
Omgjengeleg og samarbeidsvillig person med evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med vilje til å vera knutepunktet i forskingsteamet.

Vilkår:
Vedkommande vil bli prosjekttilsett hos Innovest AS (forskingsadministrasjonen til HUS). Det kan verta aktuelt å forlenge stillinga.
Løn: Etter avtale
Oppstart: Snarast mogeleg

Søknad med CV sendast innan 14.juni 2010 til:
Innovest AS
Ibsensgate 104
5052 Bergen

eller send e-post til tesr@helse-bergen.no

For meir opplysningar om det å vera studiesjukepleiar ta kontakt med Forskingsposten Vaksne/Born, HUS, tlf 55972890 / 55975720 (eller om sjølve stillinga ta evt. kontakt med Tone Skår, koordinator hos Innovest: tlf 55388602).