Utvikling av nytt ernæringskonsept
Haukeland Universitetssjukehus og Bergen kommune inngår samarbeid med TINE SA om utvikling av eit nytt ernæringskonsept.
Det skal utviklast løysingar som spesielt møter behov hjå eldre og pasientar med dårleg ernæringsstatus. Prosjektet er mellom anna eit resultat av Haukeland Universitetssjukehus sitt sterke engasjement for å sikre pasientar eit godt ernæringsmessig utgangspunkt for å vinne att helse. Arbeidet med screening av ernæringsstatus og forankringa av dette igjennom heile organisasjonen har betydd mykje for at Haukeland Universitetssjukehus no er kvalifisert for ei viktig rolle i dette prosjektet. Engasjementet vil skaffe utviklingsmidlar både til Haukeland Universitetssjukehus, Bergen kommune og TINE SA. Det blir tildelt midlar frå Innovasjon Norge som finansierer prosjektet gjennom ein Offentleg forsknings- og utviklingskontrakt(OFU).
Utvikling og produksjon av nye næringsmiddel vil skje i TINE SA medan Haukeland Universitetssjukehus og Bergen kommune får viktige roller når det gjeld å dokumentere ernæringseffekt og testing av nye produkt i reelle pasientsituasjonar. Det vil i stor grad vere ernæringsekspertise i Forskingsavdelinga som har regi ifrå sjukehuset si side. Prosjektet har kome i stand som eit resultat av engasjement frå Haukeland Universitetssjukehus i eit forprosjekt støtta av det nasjonale programmet InnoMed. I dette har Innovest hatt ei rolle som vil bli vidareført i det nye prosjektet. Gjennomføringa av forskings- og utviklingsprosjektet vil krevje tverrfagleg deltaking frå ei rekkje institusjonar, dette stiller krav til god organisering og prosjektstyring.
Vi gler oss til å ta fatt på samarbeidet og ser fram til at det skal kome fram gode produkt som er tilpassa våre pasientar sine behov.
Les mer her.